Bio

Eg har vore fleire gonger på Island.


Studiereiser: 1997, 2007, 2012


Eg har vore på artist recidency:


September 2018 Olafsfjordur.

Hrisøy  2016.

Nes, Skagastrønd, 2009 og 2012.

Seljuvegar 2008.


Eg har eit «kjærlighetsforhold» til naturen.

Derfor er mange av verka mine inntrykk frå å vere i eit landskap.

Dei siste åra har det særleg vore ulike fjell-landskap som har gitt inspirasjon til bileta mine.

Det kan vere fjell-landskapet her i Gudbrandsdalen, med blåklokker og andre plantar.

Eller også fjellet Rasletind i Jotunheimen.

Eg har malt frå fjellsidene på Island, kor sand og rennande vatn har forma striper på langs i fjellsida. Eg har malt bergsidene eg ser frå stranda i Ólafsfjörður, steinar og objekt frå fjøra og også sjølve stranda.

Ólafsfjörður

Eg arbeider med eit tema eg kallar "I natthagen."

Her arbeider eg med tre og blomar, og tanken er også å sette menneske inn i dette landskapet.

Frå Solund. 

Fuglar etter foto frå bror min.